Om oss

Vi bryr oss litt ekstra om deg, ditt og dine! Sidan 2007 har vi vore der for folk når noko skjer. 

Over 250 000 kundar i privat- og bedriftsmarknaden møter frenderådgjevarar over heile landet, gjennom dei solide sparebankane og Varig-selskapa som eig Frende. 

Vil du jobbe med oss?

Vi veit at folk eigentleg ikkje vil tenkje på forsikring, og synest forsikring kan vere vanskeleg. Difor jobbar vi kvar dag for løysingar som gjer at du har god dekning og kan bruke minst mogeleg tid på forsikring.

Det skal være lett å være godt forsikra. Vi er her for å gjere forsikring lettare og meir menneskeleg for dei som helst vil slippe å tenke på det. 

Men lat oss ta det frå byrjinga. 

Vær ein frende 

Namnet vårt kjem frå det norrøne ordet frændi, som tyder ven eller slektning. Det seier mykje om kven vi ønskjer å vere: ein trygg støttespelar når du treng oss.

Logoen vår symboliserer ei hjelpande hand, og det er akkurat slik vi vil møte kundane våre.

"Slektskapet" og samarbeidet med eigarane er svært viktig for Frende. Dei kjenner lokalsamfunna sine godt og har rådgjevarar rett nær deg. 

Solide, lokale eigarar

Frende vart starta av fire uavhengige sparebankar som ville utfordre forsikringsbransjen. Vi skapte arbeidsplassar og tilsette folk med lang erfaring frå finans- og forsikringsmiljøet. 

Sidan har vi vakse mykje. Det har vi fått til saman med nye samarbeid i fleire delar av landet. I dag har vi 28 eigarar og distributørar. Dei er solide, lokale sparebankar og tidlegare brannkasser.

Hovudkontoret vårt held til i Jonsvollskvartalet i Bergen sentrum. Her er vi meir enn 430 tilsette.

Vi er stolte av arbeidsplassen vår og av menneska som jobbar her. Trivsel, samarbeid og gode resultat går hand i hand.

Det løner seg å vere kunde 

Vi set pris på kundar som blir verande. Difor får du automatisk fem prosent rabatt på alle skadeforsikringane etter tre år. Lojalitetsbonus kallar vi det. Vi er det einaste forsikringsselskapet som gjev det.

Jo meir du samlar hjå Frende, jo meir kan du spare. Samlar du tre eller fem rabattgivande forsikringar kuttar vi prisen på skadeforsikringane dine med 10 eller heile 17 prosent.

Du kan lese meir om korleis du får billigare forsikring her

Kvar kan du kjøpe forsikringar frå Frende?

Det skal vere lett og trygt å vera kunde. Du møter rådgjevarar som bryr seg og tek seg tid til å hjelpe. 

Du kan få hjelp

Treng du meir informasjon enn det du finn på sidene her, til dømes om forsikringar for liv og helse? Snakk med ein av dei gode rådgjevarane våre om løysingane som passar best for deg og dine. 

Vi har alltid plass til fleire frendar!

Beste helsing,
Vegar Styve 
konsernsjef Frende Forsikring


Vegar Styve går smilende gjennom Bergens-gater (Foto)

Våre forsikringer